La deg inspirere av gamle mønster frå ein av dei første tekstilfabrikkane i Noreg, Salhus Tricotagefabrik utanfor Bergen. Her strikka strikkemaskinene i over 130 år opp metervare som vart til islendarar og tjukke ullgenserar. Genserane varma godt og hadde flotte mønster med enkle geometriske former. I denne boka har vi latt oss begeistre av korleis den gamle tekstilfabrikken sette saman og utvikla mønster. Saman med gode strikkedesignarar har vi laga nye oppskrifter på plagg du kan strikke for hand.
I boka har tradisjonelle islendarar og arbeidstrøyer fått nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr. Plagga kjennest både retro og moderne på same tid, med grafisk mønsterstrikk og moderne snitt. Dei passar til både ungdom og vaksne, og mange har enkel montering med raglanfelling. Vi trur du vil elske dei!
Designarar: Birger Berge, Siv Dyvik, Siri Angela Gamborg, Berit Løkken, Birte og Margareth Sandvik, Dianna Walla og Kristin Wiola Ødegård.
Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) er i dag eit nasjonalt industriminne, og Norsk Trikotasjemuseum held til i dei tidlegare fabrikklokala. Museet fortel den spanande historia til norsk tekstilindustri: ei forteljing om arbeid og teknologi, maskiner og menneske. I tillegg til omvisingar i fabrikken byr museet på galleri, butikk og kafé med sjøutsikt. Sidan 2016 har Norsk Trikotasjemuseum arrangert Bergen Strikkefestival.
Rettelser
Side 77: Legg opp 127 (142) 155 (171) 185 masker.
Side 79: Dei to øvste radene i diagrammet skal ikkje vere med viss mønsteret skal gå opp.
Side 180: På bolen – merk at mønsteret ikkje vil gå opp rundt grunna vrangmaskene i sida.
Side 180: Ny garnmengde
S (M) L (XL) XXL
Frg 1: 401 Ubleket hvit
150 (200) 200 (250) 250 g
Frg 2: 414 Koksgrå
150 (150) 200 (200) 250 g
Frg 3: 450 Gul
100 (100) 100 (150) 150 g
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.