Designaren seier dette om symbolikken i utforminga:
Mønsteret speglar naturen i Alver: Åsar, fjell, haugar, holmar, bøar, «bakkar og berg utmed havet». Mønsteret har i tillegg element frå kommunevåpena til dei gamle kommunane: navaren, keipen
og lindebladet. Genseren har tre hovudborder, tre kommunar som er samla til ein.
Hovudfargen er grå, inspirert av steinmurane i kulturlandskapet vårt.
Bygd av generasjonar før oss – til glede for framtidige generasjonar.
Alvergenseren er designa i naturlege fargar – «rett frå sauen».
Stikkord er kortreist, lokal, og berekraftig.
Alvergenseren er for alle som likar seg ute, anten det er ved kysten eller på dei mange fjelltoppane. Strikk Alvergenseren, ein robust og slitesterk genser i Ask ullgarn.
Størrelser: XS – S – M – L – XL – XXL
Overvidde: 91 – 99 – 107 – 114 – 122 – 129,5 cm
Hel lengde: 64 – 65 – 66 – 67 – 68 – 69 cm
Ermelengde: 45 – 47 – 49 – 50 – 50 – 51 cm
Pinneforslag: Pinner 3, 3.5 og 4 mm
OBS! Gensaren er strikka med ein annan strikkefasthet enn den som er oppgitt på garnet. Pinnenummer er ein rettleiing, det er strikkefastheten som avgjer om du får riktig størrelse på gensaren.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.