Salgsenhet: Stk

Alvergenser, kort

Alvergenseren vart til etter ein idé frå Alver kommune.
I samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk og Nordhordland Husflidslag vart det arrangert ein designkonkurranse, der alle strikkeglade kunne delta.
Ønsket med genseren er å skape felles identitet og begeistring for Alver kommune,
samt å fremje handverkstradisjonar. Vinnarbidraget er designa og strikka av Kjersti Isdal.
Varenummer: 0043313

kr 550,00

    Designaren seier dette om symbolikken i utforminga: Mønsteret speglar naturen i Alver: Åsar, fjell, haugar, holmar, bøar, «bakkar og berg utmed havet».
    Mønsteret har i tillegg element frå kommunevåpena til dei gamle kommunane: navaren, keipen og lindebladet. Genseren har tre hovudborder, tre kommunar som er samla til ein.
    Hovudfargen er grå, inspirert av steinmurane i kulturlandskapet vårt.
    Bygd av generasjonar før oss – til glede for framtidige generasjonar.
    Alvergenseren er designa i naturlege fargar – «rett frå sauen».
    Stikkord er kortreist, lokal, og berekraftig.Alvergenseren er for alle som likar seg ute, anten det er ved kysten eller på dei mange fjelltoppane. Strikk Alvergenseren, ein robust og slitesterk genser i Ask ullgarn.

    Størrelser: S – M – L – XL – XL

    Overvidde: 91 – 99 – 107 – 114 – 122 cm

    Hel lengde: 54 – 55 – 56 – 57 – 58 cm

    Ermelengde: 45 – 47 – 49 – 50 – 50 cm

    Pinneforslag: pinner 3, 3.5 og 4 mm

    OBS: Genseren er strikka med en annan strikkefasthet (lausere) enn det som står oppgitt på garnet. Pinnenummeret er rettledning, det er strikkefastheten som avgjer om du får riktig størrelse på plagget.

     

    Omtaler

    Det er ingen omtaler ennå.

    Bli den første til å omtale “Alvergenser, kort”
Varenummer: 0043313 Kategorier: , Stikkord: , , , , , ,
Handlekurv